Notater |
- Sagen gnr. 123 bnr. 48-= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = == =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = == =
Sagen vart frådelt Gjerdnes i 1907. Sagen ligg vest for Øyno, grensar inntil Kulu i aust og til Strandafjorden i nord.
Sagen (tidlegare Sagvika) var husmannsplass under Gjerdnes. Plassen Sagvika eller Sagvollen hadde to kverner, ei i Kulu og ei i oset i Storelva. Holge hadde kjøpt halve Kulu-saga hjå T. Villand m.f.l. for 48 rd.
Holge Eilevson Gjerdnes kjøpte halve Kulu-saga hjå T. Villand m.fl. for 48 rd. I 1756 kjøpte Holge også kverna i Storelv-oset (under Rime), og slik fekk han både arbeid og inntekt. 10 år seinare kjøpte Holge garden Gjerdnes.
I 1769 skatta Holge for 16 skilling av kverna under Rime. Det var like mykje som skatt som var pålagt Gullhaga-kverna.
Holge Gjerdnes og Eirik A. Sundre fekk kongeleg løyve til sagbruk på 'Strande-saug nr. 7', skrive på Fridensborg Slott i 1793. Eit vilkår vart at omkring-liggande odels-skogar måtte ikkje forringast, vannkant kunne skjærast av borda, og dei skulle berre nyttast innanfor bygda. (1221) s 558b
Bøndene på Søre Strand og Skottebøl stevna 1799 Helge til forlikskommisjonen for å få slege fast kva åvirke og åkerbruk som høyrde Sagvollen til. Dei gjorde slik semje: mot 10 rd skulle steingjerdet på nordsida av plassen få stå, men på sørsida måtte Holge flytte gjerdet så ferdselvegane kunne brukast utan hindring. Dvs. Frå nordre stugu-laftet og ned-utover forbi møkdynga og ned i vegen etter fjorden. Og på sørsida opp til eit steingjerde. Noko "forfang" utanfor desse delene skulle plassen ikkje ha. (1407) s 25
Det var ingen husmann eller busetnad i Sagen korkje i FT 1801, 1865 eller i manntalet i 1830-åra.
Sjølve saga låg ved utløpet av Kulu. Hit fløytte dei tømmer ovantil, store timre-grimer vart rodd i land ved Sagen. Då jernbanen kom måtte saga flyttast, den vart oppatt-sett i Bråtet ovanfor Kulufossen.
Husa i Sagen er ei gamal timrastugu (nyleg restaurert og tildelt kommunal byggeskikkpris), uthus frå omlag 1930. Fleire bustadtomter er frådelt eigedomen.
{6546} År: 1801
Enkja Sigrid Holgesdtr. Gjerdnes (1749-1831) og den ugifte systera Liv (1754-1826) fekk utlagt plassen Sagvollen på skiftet etter foreldra i 1801.
Sigrid var enkje etter Svein Asgrimson Neståker Breiehagen. Sigrid døydde i Sagen i 1831. Sonen til Liv overtok Sagen etterkvart.
{6547} År: 1810c
Embrik Eilevson Sagen 09.08. 1789-
Foreldre: Eilev Eirikson Strand Skottebøl Granhagen (ungkar) og Liv Holgesdtr. Gjerdnes - Sagen.
Gm Eli Halvorsdtr. Rudningen Sagen 1790-1833f
Foreldre: Halvor Knutson ... og Jøran Gunvaldsdtr. Bindarplass/Rudningen/Arnegard på Nes. (Oppl. S. Vissebråten)
*Barn
1. Gro Embriksdtr. Sagen 1810c-
Som barn på legd i Satafjerdingen 1816-1836. Ikkje arving i 1889.
2. Liv Embriksdtr. Sagen Presteikrene 12.11. 1811-1889
G 1836 m Guttorm Olson Ulshagaplass Presteikrene, gnr. 111/4.
3. Jørand Embriksdtr. Sagen 28.09. 1814-
Ikkje arving i 1889.
4. Eilev Embrikson Sagen Slåtten 28.04. 1817-1891
Gm Janinda Toresdtr. Aksnes. Sjå GjerdnesSlåtta, gnr. 123/45a.
5. Sigrid Embriksdtr. Sagen Larsen 10.07. 1820-1889f
Gm Hans Larsen på Grynerløkka Kr.ania. Barn: Jakop ....- .
Sigrid vaks opp på legd 1816-1836. Død før 1889.
6. Ingeborg Embriksdtr. Sagen Nilsson 11.07. 1826-
Gm Anders Nilsson, ... Sverige 1820-.... .
Ingeborg reiste til Horten i 1847. Dei budde på Loes-tajet i Norderhov i 1900. Anders var sjølveigar og jordarbeider.
Embrik og Eli gifte seg i 1809. Embrik arbeidde på sagbruk, dreiv lagging og hjelpte til med gardsdrifta i Sagen. [2]
|